Bakvende ordstellingar

Ein sér ofta formuleringar som «dine bilæte», «din butikk», «hennar barn» osb. Detta er oftast ei unaturleg ordstelling på norsk. Eitt undantak er um me leggja serskild vekt på eigehøvet, slik som når tvei ungar slåst: «Detta er min bil!» Elles segja me: «Detta er bilen min».

Me ero ikkje alle kranglevorne ungar, so då skulo me helder ikkje setja ordi våre slik. I dømom yver skulo me i staden skriva bilæti dine, butikken din og barnet hennar.1 Ja, so naturlegt kann norskt skriftmål ljoda!

1Med sume undantak, som eg nemnde yver.

Dette innlegget vart posta under Ymist og merkt . Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget