Innfør nye bokstavar

I mange alfabet hava dei eigne bokstavar fyr fleire ulike ljod en i norsk. Dar finst t.d. ein eigen bokstav fyr sj-ljodet i norsk (som i sjå). I slavisk-latinske alfabet er denne bokstaven š. Dar hava dei dessutan fleire liknande bokstavar, til dømes ž som representerar zj; som er måten s i engelsk vision verder uttalad på.

Framlegget mitt er då (halvseriøst) at me innføra bokstavarne ǩ og š: Ǩ ǩ fyr kj-ljodet og Š š fyr sj-ljodet. Med desse bokstavarne kunde me då skriva

  • ǩole fyr kjole
  • ǩeda fyr kjeda
  • ǩino fyr kino
  • ǩukling fyr kjukling
  • ǩempa fyr kjempa

og

  • šå fyr sjå
  • šeldan fyr sjeldan
  • ši fyr ski
  • šera fyr skjera
  • šor fyr skjor

Då kunna sjølv komande ættleder skilja kj frå sj i uttala.

Posta under Ymist | Merkt , , , , | Kommenter innlegget

Nynorsk, eit varierat skriftmål

Her fylgjer døme på kvifyr nynorsken er meir varierad en dat anbehetelsessjuka bokmålet. Alle bokmålsordi under enda på anten -het elder -else, medan nynorskordi alle enda på ulike endingar.

  • arbeidsløshet – arbeidsløysa
  • bevissthet – medvit
  • enighet – semja
  • enhet – eining
  • helhet – heilskap
  • storhet – stordom
  • takknemlighet – takksemd
  • trygghet – tryggleik
  • tålmodighet – tolmod
  • visshet – vissa
  • avgjørelse – avgjerd
  • forbindelse – samband
  • forbrytelse – lovbrot
  • fortsettelse – framhald
  • følelse  – kjensla
  • hukommelse – hugs, minne
  • tykkelse – tjukn
  • uttalelse – fråsegn

og lista kann visselegt gjerast myket lengre.

Posta under Nynorsk | Merkt , , | Kommenter innlegget

Eit uoffisielt svar til «Ein eksplosjon av kjensler»

Kronikken åt Kjell Arne Harneshaug i Morgenbladet hever fleire veike punkt som til sist gjera heile teksten sløer (ukvasser).  Eg svarar honom på uoffisielt vis punktvis under:

Dei skal ha oss til å tru at noko viktig står på spel. Som om Gud og kvar mann har noko å tape på om sidemålet blir kutta, og nynorsken svekka. Kven har eigentleg noko å tape, spør eg?

Eitt svar ligger jo sjølvsagd i dei einskilde målførom: at fyr sers mange målføre ligger nynorsk nærare talemålet en gjengs bokmål (slik som at alle målføri utanum bergensk hava trju grammatiske kyn, ikkje tvau). Men ein krig millom målføri på slikt vis skal ikkje eg røra burti her. Eg skal i staden fokusera på meir intellektuelle utgangspunkt. Nemlegt: kvifor skulo me hava eit skriftmål her i landet som teker utgangspunkt i dansk? D’er meiningslaust. Difyr sjå slike som meg (eller berre meg, kven veit) dat som eit tap um nynorsken døyr. Difyr. Ikkje av di eg tykkjer kjærleik er eit gildt ord, ikkje av di eg skulde meina at nynorsken høyrer til dan norske kulturarven.

Dei er gullfisken i bollen. Dei snakkar brei dialekt og er trygg på den lokale identiteten. For dei er identitet knytt til heilt andre eigenskapar enn skrivenormalen. Dei bryr seg lite, så lenge dei kan skrive på dialekt. Der har du den perfekte arbeidsdelinga! Dialekt i sosiale medium og tekstmeldingar; bokmål til seriøse ting. Det er trass alt i det nære me vil vere oss sjølve.

Ein driven målmann veit at ein her berre tarv byta ut «bokmål» med «nynorsk», og so er dagen bergad. Dialekt til kvardags, nynorsk til dat offisiella. Men dat sér du vel lett sjølv, Harneshaug?

Når me skal skrive, viser det seg at den nynorske skrivemåten ikkje passar med det me intuitivt vil seie. Sjølv om me har vakse opp med nynorsk som hovudmål, er det brått nynorsken som er framand for oss. Einkvar rasjonell person vil i møte med denne personlege konflikten ta til fornufta. Det krev meir å lære kodane for nynorsk skrivemåte, enn å melde overgang til bokmål. Likevel er det nokon som forventar at me skal kjempe.

Meiner ein at saki er god, kjempar ein sjølvsagt vidare sjølv um ein møter motburd. Men sidan Harneshaug ikkje ynskjer at sjå saki frå fleire sidor, køyrer han seg fast i eit einskildspor, slik som her; og sér ikkje dei openberre svari.

Nynorsken er tung og teknisk som ein vestlandsk fjelltopp. Sjølv folk som har hatt nynorsk som hovudmål heile skulegangen klarar ikkje å navigere i skrivereglane. Ny rettskrivingsnormal eller ei. Skal ein meistre nynorsken, må ein vere jævlig interessert. Og medviten. Og uredd. Fordi skriving er risikosport, det. Ein gjer seg sårbar, og frykta for å bli stempla som inkompetent og kunnskapslaus ligg der.

Her hever eg, og ventelegt mange andre, komet fram til liknande tankar fyr lenge sidan. D’er at segja at Harneshaug hever eit viktugt poeng her.

Med utdanninga på plass, er det likevel nokre irrasjonelle sjeler som greier kunststykket.

Men so sér ein ut til at ty til ad hominem (personåtak). Irrasjonell av di du, Harneshaug, ikkje evnar at sjå saki frå fleire sidor, elder kvat?

Som krokrygga bitter gamal mann, når resten av Noreg har teke til vit i språkutviklingas determinisme

Dan same determinismen som hever gjort at gjengs bokmål i dag ligger myket nærare landsmålet en fyr hundrad år sidan? Elder kvat slags determinisme tenkjer du på, tru?

Nynorskdebatten er ein eksplosjon av kjensler, fullstendig blotta for det meir samansette, blotta for fornufta.

Dan sterkaste sida til målsaki er vitet (elder fornufti um ein vil). Dat sama vitet som hever ført bokmålet (og riksmålet méd) nærare landsmålet, av di d’er meiningslaust med eit danskt skriftmål i Norig.

Posisjonen og haldningane til nynorskpatriotane er rotfesta i verdiar og røyndomsoppfatningar som står for fall.

Ikkje min posisjon, ikkje mine haldningar. Stogga med stråmannargumentasjonen. Som du so greidt syner i teksten din, hever du ikkje sett deg godt nog inn i målsaki og argumenti som ho nyttar. Sjå ikkje berre til Noregs Mållag, sjå vidare. Leit gjerna upp argument sjølv, då fær ein seg sjølvsagt eit betre innsyn.

Kva med ord som hat, spør eg? Sidemålsopplæringa fungerer ikkje for nynorsken. Ho fører ikkje til auka toleranse og gjensidig forståing. Når danningsperspektivet har forvitra til fordel for nyttetenking og dyrking av valfridomsmyten, blir nynorskopplæringa opplevd som ei tvangstrøye. Det blir det meir hat enn kjærleik av. I tillegg er det grunn til å så tvil om læringsutbyttet. Ingen lærer nynorsk sidemål godt nok til at det har noko praktisk nytte, dersom det skal vere målet.

Her er eg langt på veg samd.

Framtida til nynorsken ligg ikkje i Oslo eller på Austlandet. Eller i Nord-Noreg, i Trøndelag eller på Sørlandet. Dersom nynorsken har ei framtid, ligg ho i kjerneområda til nynorsken: på Vestlandet.

Slettes ikkje. Upphavet til nynorsken er landsmålet, eit skriftmål fyr heila landet. Nynorsken passar ikkje som eit vestlandskt regionalmål. Eit regionalmål kann dessutan dårleg hevda livsens rett; då skulo vel alle dei andre regionarne au hava sine eigne regionalmål. Og dar ero me ikkje.

 Meir einsretting av den språklege kulturen vil bli lagnaden for det sentrumsstyrde Noreg.

Dat kann vera, og nett difyr er målsaki lika viktug i dag som nokon gong fyrr.

Posta under Målstrid, Nynorsk | Kommenter innlegget

Kvat er «norsk»?

Ein kann vel knapt koma undan spursmålet um kvat som er «norsk» når ein helder på med målsaki. Då tenkjer eg ikkje på «norsk» som ålmenn kultur elder etnisitet, men på tungemålet norsk.

Ein kunde til dømes freista setja upp ei lista med kriterium fyr nye ord, der å stetta eitt kriterium er godt nog:

  • hever voret nyttad yver ei viss tid med eit visst høvetal (frekvens)
  • er sett saman av ord som kvar fyr seg ero norske
  • vardt til å utan påverknad frå eit annat tungemål

Men meir viktugt er dat at spyrja seg kvat slags norsk ein ynskjer at nytta. Til sjuande og sist forma me nemlegt målet vårt sjølve, både i skrift og tala.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Grunntankar og ordskiftet um skriftmål

Eg hever voret inne på detta emnet tidlegare, stødt og ofta; men eg tenkjer at ei meir slagkraftig lekamleggjering som syner fleire sidor av sakenne tarvst. Emnet er dan meiningslause stillingsstriden som gjenger ut på: «nynorsk mot bokmål». Her segjer mang ein myket, men få rører kjernen. Korleides kan her vera so myket ordskifte um skriftmål når tankegangen attum dei tvau måli verkar vera ukjend fyr dei fleste?

Under fylgjer nokre av dei viktugaste nykelordom/setningom som hava med skriftmål å gjera, alle med ei djupare utgreiding.

Kven er skriftmålet lagat fyr?/Kvar skal skriftmålet verda nyttat?

Eit offisielt skriftmål er meint å verda nyttat av innbyggjarom i landet, ofta alle innbyggjararne. Eg skal her lata som um me burda hava eitt skriftmål i landet (og ikkje tvau, trju, fjøgor elder fleire); utan å grunngjeva kvifyr.

Då ero me no ute etter eit skriftmål som alle i Norig kunna nytta, og som me skulo kalla «norsk», stutt og greidt. Detta skriftmålet skal representera alle nordmenner som tala norsk. Eg trur dei fleste vilde vera samde um at eitt norsk skriftmål vilde voret best når dei få tenkja seg um (eg hever sagt nokot um fleire skriftmål fyrr og kunde gjerna gjera detta endå ein gong).

Kvar skal skriftmålet koma frå?/Korleides skal ein laga skriftmålet?

Eit skriftmål lyter koma frå ein stad. Til dømes kjemer bokmål frå dansk med tilpassing til dei byfolki som talade nærast dansk, medan dansk byggjer på tradisjon attende i tid.

Men mang ein tenkjer ikkje yver at skriftmål lyter koma frå ein stad, og langt mindre yver kvar eit skriftmål burde koma frå. Detta sjølv um nett dát er nokot av dat viktugaste i målspursmålet.

Kven skal røkta skriftmålet?

Nokon lyter halda dat skriftlega målet ved like, syrgja fyr at dat henger med i tidi og ikkje hamnar i bakleksa. Samstundes skulo desse folki hava ei mynd til å segja kvat «offisiell» norsk er (all annan norsk er då «uoffisiell»).

I Norig dag er dat Språkrådet som hava herna myndi, men soleides tarv dat ikkje vera. Til dømes kundei ei ikkje-statleg samling hava myndi i staden.

Posta under Målstrid | Merkt , | Kommenter innlegget

Eitt år

Målheimen hever no voret på heimsveven i yver eitt år.  Sidan tiltaket byrjade, hever nynorsken fenget ei ny offisiell rettskriving; elder, som rettare er, fenget vedteket ei ny rettskriving. Rettskrivingi skal ikkje gjelda frå fyrr 1. august næste år (2012). Elles er her litet nytt, i alle fall dat som gjelder målsaki (at året innehelder borgarkrigar, revolusjonar, jordskjelv, ein tsunami, ein massakre, ei bilbomba;  jau, d’er no so).

Med andre ord hever ikkje myket relevant brigd seg. Men Målheimen fylgjer med i tidi, og vil halda fram. Mogelegvis vil han attpåtil verda utvidad. Me få sjå.

Posta under Målheimen | Kommenter innlegget

Kann eit massemord skapa eit vasskilje?

Ein kann ikkje lata vera å leggja merke til at journalistar lika ordleggja seg på liknande vis som at Norig no røyner et vasskilje – at me hava eitt Norig fyrr 22.07 og eitt etter. Men um detta no verkelegt skulde skapa eit vasskilje, segjer ikkje detta då nokot um godtru? Me hava no seet massmord fyrr, au massemord gjorde av einast eitt menneske.

Fyr detta massemordet sér no ein gong ut til å vera éin manns verk.  Og um no dette synet helder fram, kvat kunde ein då gjera, som ein ikkje alt hever gjort, fyr å tryggja seg mot liknande hendingar i framtidi?

Minder ein var godtruande, er her ikkje myket ein kann gjera. Fyr einskildmenneske med sterker dråpstrong kann ein til ei kvar tid finna, og difyr burde ein til ei kvar tid vera budd på slike. Nye dråp av deim skulo berre kunna læra oss éin ting no, og d’er detaljar. Detta avbrigdet av mennesket er ikkje nytt, på inkje vis. Dei ero ikkje born av ei ny tid, elder nokot slikt romantiskt; berre motivi ero nye/sermerkte.

So, ero me ved eit vasskilje, her ved 22.07? Nei, me vordo minte på dan valdelega sida ved mennesket, at sume finna dråp som utveg.  Frå ein filosofisk synsstad kunna me ikkje dvelja ved talet på myrdade, som er høgt, men i staden minnast at detta var tvau åtak frå eitt menneske; desse tvau viktuge tali ero sjølvsagt uavhengige av talet på myrdade, og dei ero låge. Minder 22.07 løyser ut fleire åtak, er ikkje dagen so viktug i eit større perspektiv. Elder, han burde ikkje vera dat. Burtsett frå fyr deim som miste personar dei hadde kjære elder kjende, sjølvsagt; men då ero me i eit mindre perspektiv att.

Ein lyter au leggja merke til ordet terroråtaki verder nyttat myket um hendingarne, men til dømes 9/11, dar ein au talar um terroråtak, so var ikkje 22.07 deil av ei større samansverjing. No skulde ein kann henda ikkje hevda Al-Qaida og medspelarar større ein dei ero, men umgripet terroråtaki kann snøgt dylja dat at åtaki vordo gjorde av éin mann, eitt menneske. Dat kann mystifisera åtaki; so ein må ikkje gløyma at detta var ein manns verk, til liks med når ein forfattar skriver ei bok. Ein talar aldri um boki som um ho kunne koma til live utan forfattaren, som ein gjerna nemnar ved namnet i same slengen (ein talar um når «X skreiv boki», og ikkje at «bokskrivingi hende då»).

Posta under Stjornskap | Merkt , , | Kommenter innlegget