U-ljodbridge (u-umljod)

Desse ljodbrigdi ero litet nyttade i bokheimen, men so er helder ikkje meiningi med målet på denna sida å spegla av skriftom åt andre. Desse ljodbrigdi ero gamle – dei komo til på vegen frå frumnordisk til gamalnorsk (norrønt). Dei liva framleides godt i både islendsk og færøysk, men ero sterkt veikte i både norskt tale- og skriftmål. Dan sterkaste resten i skriftmålet i dag skulde vera eit barn – fleire born. I talemålet skal òg u-ljodbrigdet liva i hokynsformi av adjektiv: eit bratt fjell – ei brott lid.

Kort sagt verder ein a til ein o; med sume undantaki. Under fører eg upp både døme som fylgja mynsteret, og undantak etter kvart som eg finner deim.

Ljodbrigde i fleirtal av inkjekynsord

  • eit vatn – fleire votn
  • eit land – fleire lond
  • eit fat – fleire fot
  • eit glas -fleire glos
  • eit tak – fleire tok

Ljodbrigde i hokynsformenne av adjektiv (etter mynster)

  • ein varm dag – ei vorm sol
  • ein lang dal – ei long lista
  • eit fast grip – ei fost løn
  • ein halv dag – ei holv kaka

Ljodbrigde i hokynsformenne av adjektiv (undantak)

  • ein gamal mann – ei gomol kona
Døme frå målførom
heimsidonne åt Valle Mållag kann ein finna døme frå tålemålet i Valle og Hylestad – både namnord og adjektiv.
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s