Nokot på hjarta?

Alt av innspel/spursmål er sers velkomet. Meiner du/er uviss på um skrivaren hever bøygt eit ord på eit galet vis? Skyner du ikkje ei ordform? Er nokot av formlæronne/ordformom dårlege? Nytt innspelsfeltet her eller annanstads!

Advertisements

16 Responses to Nokot på hjarta?

  1. Nynorskingen seier:

    Kvi skriv du ikkje «hjartat», med -t uti endan dar? Er det ikkje soleis det stend uti grammatikka hans Ivarguten?

  2. skrivaren seier:

    «hjarta» er her sidefall.

  3. Er dat moegligt at skriva «likt» ella «eins» instad fyre «óg» (sum i «også» på dansk)

    • skrivaren seier:

      Mogelegt? Tja, meiner du um Ivar Aaasen vilde hava skrivet slik? Eg veit ikkje. Eg kann ikkje finna korkje «eins» elder «likt» i Norsk Grammatik med dan tydingi.

      Hever du ordi med herna tydingi frå eit norsk målføre? Elder kann henda frå islendsk elder færøysk?

      I staden fyr «òg» kann ein i alle fall skriva au og med; i nynorsk med; men «likt» og «eins» hever eg sjølv ikkje høyrt i tydingenne «òg» fyrr.

      • (p)å færøysk vilde ordet fyre «også» vera:
        «eisini» (gamla: eins),
        (p)å islansk vilde ordet fyre «også» vera:
        «likt» (kvertfall dat, sum eg hev dat fingje sagt mær)

        Døme: Badn 1: «Eg fare heim nu»
        Badn 2: «Dat må eg likt/eins»

        … Og jau, «Mogelegt», eg var ikkje heilt klår i hodde mit, sidst eg var her, dat kan likt vera at eg heilt misforstod tydningjen av «óg».

      • Robert Olaf seier:

        «(…)hever eg sjølv ikkje høyrt…»
        Du bruker formi hever, kann henda finst i eldre nynorsk, og som kanskje til og med var del av normi – som såkallade klammeform. Er der grunnlag i dialektane for å uttale r-en på slutten av denne formi, i fyrste person eintall?

      • skrivaren seier:

        Eg veit diverre ikkje um r-en framleides er uttalad i målføri. Darimot veit eg at Aasen nyttade formi i Norsk Grammatik (t.d. s. 304 i denne utgåva: http://www.aasentunet.no/?module=Articles;action=Article.publicShow;id=4436)

  4. uppattnying seier:

    Er Høgnorskrørsla heilt daud? Målmannen hadde tri blad 2012, men Ivar Aasen Samb. hev eg ikkje sett nokre av på mange år.

    Hev me gitt opp? No som eg endeleg er her?

    Viss du vill kan du gjeva meg eit tips når det gjeld bruken av «fyr» «fyre» og «fyrr», serleg «fyr» vs. «fyre».

    • skrivaren seier:

      Hei. Eg veit ikkje kvat veg høgnorskrørsla er på; framyver eller attende. Eg er ikkje godt kjend med deim. Men dei hava jo minst éin profilerad medlem, som Kristin Fridtun (som her rett nog talar um nynorsk; men ho skal hava ein blogg ein stad). Heilt daude kunna dei ikkje vera.

      fyrr er greid. fyrr er dat sama som «før» i gjeldande offisielle rettskrivingar (jf. upphavet i gamalnorsk, som er nettupp fyrr)

      fyre kann svara til både «føre» og «for» i nynorsk.

      fyr kann vel berre svara til «for»

      Slær ein upp upphavi til nynorsk føre og for, sér ein at dei er respektivt fyrir og fyr, fyrir. Soleides sér ein at her finst helst berre éin måte at avleida ein skrivemåte fyr nynorsk «føre» på (nemlegt fyre), men tvei måtar at avleida ein skrivemåte fyr nynorsk «for» på (nemlegt fyre og fyr). D.e. at i-arne som ofta er tilfellet hava vordne til e-ar, medan -r er fallet burt.

      Eg veit ikkje kvat som er best at skriva av fyr og fyre, men sjølv nyttar eg fyr. Då slepper eg samanblanding med fyre i onnor tyding («føre»). Ein kann vel lell hevda at fyre di høyrest betre ut en fyr di; men meir saklege argument kjenner eg enno ikkje til. Godt mogelegt at Aasen hever skrivet nokot um detta.

      • Robert Olaf seier:

        «(…)medan -r er fallet burt.»

        «R» er FALLEN burt. Eller ikkje?

        Takk fyr di Sida. Utruleg lærerik. Hald berre på! Eg kjenner diverre ikkje Høgnorsk, Nynorsk lite grand berre. Men eg skal gjerna læra her frå Dykk.

      • skrivaren seier:

        Hei og sjølv takk (og orsak for seint svar).

        Um ein tenkjer på -r som hankyn skal dat vera fallen, ja.

        Når eg skreiv svaret tenkte eg nog på -r som inkjekyn. -r er eit etterfeste (suffiks) og ordet «etterfeste» er inkjekyn.

        Bokstaven r er hankyn, slik at ein fær «r-en er fallen burt», men kvat som er rettast fyr etterfestet -r, veit eg ikkje. Dat verkade naturlegt fyr meg at nytta inkjekyn dar.

    • skrivaren seier:

      Eg kann leggja til at formi «fyr» kann ein snøgt kjenna att frå målførom som «før», til dømes i sognamaol og nordlendsk (som i «førr nokka jåss!»)

      «fyre» kjenner eg darimot ikkje døme på frå målførom; men kann godt henda at formi framleides er i live ulike stader.

      Til sist kann eg leggja til at høgnorskingar flest sjå ut til at nytta korkje «fyre» elder«fyr», men «for» som i nynorsk; eit nyare avbrigde av ordom.

  5. Anonym seier:

    Hei,

    jeg må (dessverre) legge igjen dette innlegget på bokmål, som bergensere underlig nok blir lært opp til allerede fra ung alder. Jeg ville egentlig bare si at det er veldig interessant det du skriver her, skulle ønske folk flest var like dedikert i saken rundt høgnorsk som man i dag er for nynorsk. Synes det er leit at selv den normerte nynorsken i dag ikke inneholder tilstrekkelig med elementer fra gammelnorsk.

  6. Helge Leirdal seier:

    Takk for ei fin side!
    Sér du hev skrive kan nederst i Eit uoffisielt svar til «Ein eksplosjon av kjensler». (Kann skal vel alltid skrivast med tvo n-ar?)

    • skrivaren seier:

      Takkar. Jau, du hever sjølvsagt rett. Diverre snika feil seg lett inn når ein ofta byter millom tvau sers like skriftmål, som nynorsk og landsmål.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s