Målsak og ideologar

I fyrstningenne åt soga til nynorsken var ideologi viktugt: ein skulde skapa eit norskt skriftmål som ein kunde byta ut danskt skriftmål med. Ein lagde då vekt på at Norig hadde ei eigi målsoga, og so burtetter.

Snøgt framyver hundrad år og meir: landsmålet heiter ikkje lenger landsmål, men nynorsk. Motstandaren heiter ikkje lenger dansk, men bokmål. Kvat fyr ei rolla spelar ideologien no? Kvat er eigentlegt ideologien?

Sant å segja tyder rettskrivingi på eit sprik når dat gjelder ideologi. Dan nya rettskrivingi er ikkje eit undantak, og helder fram i sama leidi. Ein kann ikkje gjeva grunnar fyr bridgi som ein gjerer – annat en brukstal; kor mange gonger dat einskilda ordet er nyttat. Litet nyttade ord skulo burt, og litet uventat kjemer ein ofta nog eit stig nærmare bokmålet. Men dat er so – verst er at ein fær eit skriftmål som no og då er meiningslaust av di  systematikken feller burt. Ein saknar vituge grunnar fyr rettskrivingsbrigdi.

Dat finst ei rørsla, elder kann henda fleire rørslor, som verkar fyr ein meir ideologisk rettad nynorsk – høgnorskrørsla. Høgnorskrørsla er diverre sers liti og nokot uglesedd. Endå ein gong hever bokmålet ein føremon: riksmålsrørsla. Riksmålsrørsla er til skilnad frå høgnorskrørsla ei mektug rørlsa og myket meir stoverein hjå deim fleste. Slik som bokmålet verder nyttat i gjenomsnitt, er dat nemlegt serdeles likt med riksmålet. Fåe tenkja at riksmålet er so onnorleides og underlegt – til skilnad frå høgnorsk.

Soleides kann bokmålet meir halda seg undan meiningslause brigde frå Språkråde, sterka ideologiska krefter støda bokmålet og hava styrke til å tvinga dan offisiella bokmålsrettskrivingi i ei ynskt leid. Nynorsken hever her komet i rein uvissa og kjenner korkje fram elder attende i samanlikning.

Her koma ideologarne inn: dei skulo spela som ei motvekt til herverket åt Språkrådet. Men sjølv ikkje tidlegare i målsogonne hava dei ideologarne som funnost spelat heilt på lag – me fingo tvæ ulika rettskrivingar kring tusundårsskiftet 1800-1900: Midlandsnormalen og Hægstadnormalen.

Men, medan Hægstadnormalen fylgde i fotsporom til Aasen, valde Midlandsnormalen ei onnor leid – ei fårleg splitting vil eg hevda. Landsmålet var uppfunnet på eit godt vis – ein tarv ikkje brjota med verket til Aasen slik som Midlandsnormalen gjorde. Eg vil vidare hevda at Midlandsnormalen bygde på ein annan ideologi enn Aasen-normalen og dan etterfylgjande Hægstadnormalen.

Ideologarne som ein tarv i dag ljota fokusera på eit nasjonalt skriftmål, slik som Aasen-normalen, og ikkje regionalisering, her representerad ved Midlandsnormalen. Myket av Aasen-normalen liver på ymist vis enno vidare i Språkråd-normerad nynorsk, og ein kann difyr taka upp dan gamle tråden på eit nokotlunde elegant vis. Ideologar som kunna segja andre ting en «nynorsk liknar mest på målførom», slikt som at nynorsk er eit nasjonalt alternativ til ein Oslo Vest-baserad fornorskad utgåva av dansk – dei vilja kunna gagna målsaki storlegt. Nei, ein skal ikkje gløyma målføri – hadde me alle i lande talat vestkantmål, vilde målsaki voret myket meingslaus. Men mange undra seg yver kvifyr nynorsken sér ut som han gjerer (han er ikkje identisk med målføret til nokon,  nemlegt), og då lyter ein hugsa kvat idelogien som ligger bak nynorsken segjer.

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Landsmål, Målstrid, Nynorsk og merkt . Bokmerk permalenkja.

4 Responses to Målsak og ideologar

  1. Kjapt spørsmål: Om me fyrst lyt skipe dei «gamle» formene å nyo, er det ikkje betre å taka utgangspunkt i dei systemi som lever i moderne norsk? Eg syner til dømes åt adjektivsystemet som finst i trøndersk, spesielt bymåli. Her fylgjer adjektivendingi den endingi som ligg åt substantivi: «Dæm småan, ho stora» = dei småe. Rett nok er detta av di adjektivi blir bøygde SOM substantiv, men det er ikkje heilt fremmend (sjølv for meg) å skrive: «Dei småan(e) gutane, henne stora kjerringi der» og so bortetter.

  2. skrivaren seier:

    Me skulo ikkje liva upp att gamla former – eg sér ikkje heilt kvat du meiner. Dei formerna som me skulo nytta, ljota visselegt framleides vera livande! Dat er då òg slike former som Aasen frann fram til og nyttade i skriftnormalen sin (rett nog kann stavnaden vera ordsogeleg, d.e. etymologisk – spegla dan upphavlega gamalnorska formi, slik som strand og ikkje strann).

    Korleides meiner du at ein skulde velja millom nyare norska former, då? Kvifyr trøndersk og ikkje nordlendsk elder sørlendsk? Um ein ikkje teker utgangspunkt i gamalnorsk, verder dat vandskelegare å finna ut kvat fyr former ein skulde nytta i ein skriftnormal. Ein kann lettare enda upp med regionalisering (huff og huff!).

  3. «Um ein ikkje teker utgangspunkt i gamalnorsk, verder dat vandskelegare å finna ut kvat fyr former ein skulde nytta i ein skriftnormal.» Du set deg på høgan hest her. Omsynet åt gamalnorsken var aldri det einaste styrande prinsippet i landsmålsnormeringi. I so fall ville Aasen valt «nu(n)» og ikkje «no», endåtil med god heimel i nordfjøllske og trønderske målføre. Likeso ville «or» haldi seg som «ur», meir i samsvar med gjengse former som «tu» (utor). Han valde heller ikkje opphavlege former som «dan, dar, dat», av di austnorsken måtte få sitt — og av di dei siste formene allereie fanst i mellomnorsken. Han kunne valt reine gamalnorske endingane som -it (verit, vorit), -il (trivsil), -ur (kvinnur, ev. med hokjønnsanalog i inkjekjøn som augur, eplur) og -ir (bøker). Men det vart ikkje soleis hell».

    Regionaliseringi tyder at valfridomen blir so stor at skriftnormalen blir kløyvd i regionale variantar — trøndernynorsk, Oslo-nynorsk, Vinstra-nynorsk ad infinitum. Detta er anna enn å hente inn system frå somme målføre som kan høve i skrift og gjera språket gjævare enn elles. Språket blir ikkje meir dansk om me skriv t. d. «-leis» føre «-leides».

    Når det elles gjeld det trønderske adjektivsystemet, er det eldre enn dei fleste måltrekki me finn her i landet og dimeir praktisert ganske jamt. På Vestlandet og elles høyrer eg store avvik frå herne «normi» — aldri frå trønderfolket. Men tidi for normering er mest utor og kranglingi om detaljar i normi vil bli ein syssel for krangelsmenner, ikkje brukarane. Dei siste vil ikkje og kjem ikkje til å skrive «i fyrstningenne» (som uansett er feil; der skal vera «fyrstningen») eller hine uvande formene, om enn nokre tykkjer dei høver betre med systematikken i eldre mål. Skal me fyrst gjera noko med språket no, gjeld det å få det so nære engelsk som råd er – og vinne på ordrøtene me hev felles.

  4. skrivaren seier:

    No må ein halda tunga beint i munnen her. Fyrst skal eg gjera merksam på éin ting, um dat ikkje skulde vera klårt: dat skriftmålet som eg nyttar her på sidonne, er ikkje eit skriftmål som eg meiner at burde voret offisielt skriftmål i Norig (eg segjer meg fyr tidi nøgd med høgnorsk). Eg byrjade denna netsida i hovudsak fyr å kunna skriva landsmål ein stad – men sjølvsagt skriver eg so vitugt som eg kann og er interesserad i å hava ordskifte, slik som no. Teker invendingarne dine punktvis nedyver:

    nu: Nynorskordboka segjer at «no» kjemer frå gamalnorsk , men kann henda var dar ein n i endå litt eldre «norsk»? Sama kvat: når ein leser ein u i ein gamalnorsk tekst, so skal ein tala honom ut som ein open u – hever eg vorden sagt. Soleides då nokot liknande u-en i t.d. ung («ong») og tung («tong»). Difyr sagde ikkje vikingarne «nu» slik som i nord i dag, skulde ein tru. Soleides skulde ikkje «nu» vera meir i tråd med gamalnorsk en «no» (minder ein fann ei uttala med open u ein staden i lande).

    ur: gamalnorsk form skal vera ór, segjer ordboki (som hever ei uttala nokot i retning av «år», meiner eg).

    Du hever rett i at Aasen til sist valde burt formerna med a i «dat», «dan» og «dar» (men fyrst valde han desse formerna, etter denna sida: http://www.ivaraasen.no/bokstova.php?bok=mt004.html). Eg hugsar ikkje grunngjevingi Aasen gav på rams, men nokot er vel at ordi hava skift «bruksumråde» sidan gamal tid («dan» skal koma frå ei akkusativform, t.d.).

    «verit» finst ikkje lenger i norsk som deil av større system, meinte Aasen, berre dar fleire gjerningsord enda på -erit (skjerit, berit – som ikkje er i system med gamla former). Når dat gjelder -it-endingi, lyter ein hugsa at Aasen ynskte systematikk. -it verder au nyttat som inkjekynsending i adjektivi («opit»), men endingi i bundi form av inkjekynsord er -et («huset»), ikkje -it. Frå gamalt av hava både adjektivi (partisipparne) og namnordi sama endingi, nemlegt -it. Ein hever difyr betre grunnar til å nytta e og ikkje i, meiner eg.

    Når eg sagde regionalisering i sista innlegge mitt, so tenkte eg på at kvar og ein endar upp med å kjempa fyr sitt målføre. Gamalnorsken er ein freistnad på å få nokot objektivt inn i bilætet. Ikkje utan vandskar nei, men er greidaste vegen å fara. Ja, vegen er faktiskt heilt rett stundom.

    Nei, skriftmålet verder vonlegt ikkje meir danskt um ein nyttar -leis og ikkje -leides, dat hever eg helder ikkje sagt! Her er myket som ikkje hava med dansk vs. ikkje dansk å gjera, må vita.

    Kvat fyr systemavik talar du um – Vestlandet og annanstads?

    fyrstningenne: kann henda denna formi er gali, eg tenkte på ein annan ordklasse. Eg kann ikkje sjå at Aasen hever førd upp alle sidefallsformerna (dativsformerna) fyr denne ordklassen, diverre. Eg er difyr freistad til å fjerna heila dativsendingi til eg veit meir. Kvat er kjelda di fyr «fyrstningen»?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s