Formlæra

MERK: Herne sida er under utvikling. Dat er uvisst kvat som skal standa her til sist; men trykkjer du på «Formlæra» øvst på sida vil du etter kvart finna fleire og fleire undersidor som handla um einskilde ordklassar.

Nokot um dan norska formlæra slik som ho verder nyttat på denna sida. Dat vil ofta her verda synt åt Norsk Grammatik (NG; merk at lenkjene til Ivar Aasen-tunet diverre hava brigd seg ofta), og sidetali her ero tali som standa på sjølve sidorna. NO syner til 5. utgåva  av Norrøn ordbok frå 2008. Yversynet er enno langt frå komplett!

Avstyttingar:  i.f. → ingi form

Ordtydingar

  • sidefall = dativ
  • eigefall  = genitiv
  • sjølvljod = vokal
  • medljod = konsonant

Dei linne hokynsordi (NG s. 144)

Nemnefall: visa  – visa        – visor    – visorna

Sidefall:        i.f. –  visonne  –   i.f. – visom

Eigefall:      viso   –      i.f. –   (viso?)    –   i.f.

(soleides ganga (ei) gåta, sida, båra, dyna, gåva, tuva, kåpa, luka, muga, hetta, kista, kjerra, hella, tavla, skjeppa, klubba, brekka, klokka, vogga, tunga og fleire)

Døme: Kann du ei visa? Kvat hever du på tungonne di? 

Hannkynsordi (dei som enda på medljod) (NG s. 134-135)

Nemnefall:   heim   – heimen    –  heimar –  heimarne

Sidefall:          i.f. –   heime    –      i.f. –   heimom

Eigefall:         heims  –     i.f. –  heima     –      i.f.

(soleides ganga (ein) båt, ås, mur, sal, stol, stein, saum, dom,  stav, hop, odd, foss, hest, arm, eld, kamb, knapp, topp,  fugl og fleire)

Døme: Sér du hestaflokken dar burte? Eg er i heime minom no. Ørni flaug mot åsom.

Lagordi (NG s. 167)

Éin klasse med lagord:

hannk. hok. inkjek.              Eintal  | Fleirtal

Ubundi form:  stor  –  stor – stort  |  store – stora – store

Bundi form: store  – stora – stora | store – store – store

Talordi (NG s. 187-188)

I detta avbrigdet av landsmålet verda talordi bøygde i kyn soleides:

hannkyn     hokyn            inkjekyn

éin               éi                     eitt

tvei            tvæ                 tvau

tri              trjå                trju

fjore          fjora                 fjøgor

Døme: Sonen deira er trju år gamal. Eg hever skrivet fjora sidor. Dar standa fjøgor hus på rad.

Dei norrøne formerna ero til samanlikning (i nemnefallet, NO): tveir, tvær, tvau | þrír, þrjár, þrjú | fjórír, fjórar, fjǫgur

Uppyver hava me ingi bøygjing; so tali ganga soleides: fem, seks, sjau, åtta, nio, tio, elleve, tolv, trettan, fjortan, femtan, sekstan, sjauttan, attan, nittan, tjugo […]

Dat kann vera at  nokot av bøygjingenne/nokre av formom her ikkje lenger finnast i norske talemål; men sidan Aasen hadde deim med i formlæra si, lyter ein tru at dei hava voret i norskt mål i alle fall inntil so seint som til midt på 1800-talet. Til dømes skriver Aasen:

Af enkelte Bygdemaal kan anføres: tvei, tvæ, tvau (Sætersdalen); tveir, tvær, tvau (Nhl. forældet); tvo, tvær, tvau (Vald.); — tri, trjaa, trju (Sæt.) tre, treaa, try (Voss); tre, tryaa, try (Vald.); fjore, fjora, fjogo, aab. o (kun i Sæt.).

Merk at Aasen sjølv hadde ei stuttare formlæra i NG; til dømes gjekk bøygjingi hjå honom soleides: tvo – tvo – tvau, som nog er enklare å hava i eit skriftmål i dagsens Norig (høgnorsk hever visst nog gjerna berre formi tvo). Um nokon veit nokot um bøygjing i kyn av talordom i målførom i dagsens norsk, legg gjerna att ei melding.

Advertisements

4 Responses to Formlæra

  1. Steinrausi seier:

    Eg må nemne at dativbøygjingi av linne hankynsformom er gali etter reglom sem era i livande dativområdom. Flestalle dativmålføri hava eintalsformi «-åm» eller «-a», soleis i eldre orkdalsk: «Hañ sît ti låvvåm». Det er berre hjå sterke hankynsordom me finne «-e (-i)», til dømes namdalsk: «På gaLi (gardi) hass Lars». Men det er diverre mesta ingi von for å skipa att dei gømle formine no.

    • skrivaren seier:

      Hei du. Takk fyr innspelet.

      Hever eg ført upp linne hankynsord her? Dei ero vel av sorten bakke, ende osb. (dei enda på trykklett sjølvljod (vokal), elder nokot slikt). I NG enda dei på -a i bundi sidefallsform eintal, eina valet som du nemner ovanfyr. Eg hever enno ikkje ført upp alt av ordklassar her.

      Nei, dat sér kann henda ikkje ljost ut fyr sidefallsformerna. Eg hever ingi planar um å få deim inn i rettskrivingi, men eg nyttar deim til å syna breiddi i norskt mål (som med kynsbøygjingi fyr tal større enn éin, og mangt annat). Ja, nyttar deim so godt eg kann; sidefallet mitt er serdeles rustat.

  2. Steinrausi seier:

    Du fær orsaka, eg las feil! Men gjævt yvisyn um rikdomen i språket vårt. Tvei/tvæ/tau finst framleis i yngre Lom-mål, må eg nemne. Eg er hækin etter kvi Aasen kom fram til -onne i sidefall eintali (sidefall eint. inkjekyn) av linne hokynsordom, mest av di ho er heilt lik systematikken i målføri mitt: På herne sidonne — /på hæ:n si:^ån/ (svenskt tonefall), der /-ån/ er fleirtal hjå linne hokyn og inkjekyn (/au(g):ån/). I Hallingdali er det jo — sem kjent — «gjentun, visun, sidun», so det fylgjer jo tolegt ratt formlæra. Var’kje dum te vera sunnmøring, derne Aasen.

  3. skrivaren seier:

    Som kjelda fyr -onne, reknar Aasen upp detta:

    * visunne, -onne frå Sætersdalen (Setesdal?)
    * visenne frå Hordaland
    * visun frå Hallingdal, Valdres, Gudbrandsdalen og Orkedalen [sic]
    * visån frå Nordmøre og Innherad (Indherred)

    Detta stender på s. 145, rett under formerna som Aasen valde til landsmålet. Dan norrøna formi skal vera vísunní etter NG (eg kann ikkje verifisera henne), og då fylgjer visonne tollegt greidt, skulde ein tru.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s