Nynorsk og syting

So alt fyr ofta verder nynorsken nemnd i samband med syting – eit nylegt døme er ei sida hjå NRK um sume som hava ein «nynorskjobb å gjera». Eg skal ikkje segja nokot um kvat eg meiner um målloger og slike ting; um eg meiner nokot serlegt i heilo.

At nynorsken stødt verder nemnd i slikt lag, tér seg dårlegt. Aldri sjå me nokot um kvi me hava nynorsk, kvat Aasen lagde til grunn då han lagade landsmålet. Fær ein aldri slik kunna, verder dat vandare å sjå kvifyr me no skulo setja upp eit slikt mål som landsmålet. Fåvitet – ignoransen – fær liva vidare.

Nei, gjev meg eit ordskifte um målet i seg sjølv. Gjev meg eit ordskifte um korleides norskt skriftmål skal sjå ut. Um kvat som høver seg best fyr eit talemål med mange avbridge, slik som norsk. Gjev meg meiningar frå folk som vita nokot um norskt mål (ikkje tullute tenåringar, mao.), og målsoga vår. Slikt kann ein læra ting av, i staden fyr å lesa seg grøn på målsyt.

Eitt døme på nokot som eg kunde tenkja meg, er ein dokumentar som freistar leita upp um arven frå landsmåle liver vidare; d.e. um ord, formlæra osb. som folk tenkja på som arkaisk røynlegt er so. Eg tenkjer mange vilja verda støkte. Dat norska talemålet er rikare enn folk tru.

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Målstrid, Nynorsk og merkt . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s