Gjerningsord (verb)

Gjerningsordi er på eitt vis deilde upp i tvei klassar: dei som hava -ar i notid og dei som hava -er.  Dessutan hava me mange sterke gjerningsord som få ljodsprang (at sjølvljod i roti verder brigd), til dømes koma – kjemer. Andre viktuge klassar finnast òg, so vonlegt fær eg listat deim upp her etter kvart.

Gjerningsordi verda alle bøygde i tal; d.e. notidi til alle gjerningsordi er ulik fyr mangtal og eintal: eg er dei ero, du kastar me kasta. Dessutan finst mangtalsformer i fyrrtid fyr sterke gjerningsord: ho såg de sågo. Merk at notid mangtal fyr dei fleste gjerningsordi er lik nemneformi, slik som i døme rett ovanfyr her (me kasta).

So yver til eit fullare yversyn yver dei einskilde ordklassarne.

Tydingar:

  • bjodeform – imperativ
  • notid – presens

-ar i notid

I tid bøygjer ein desse ordi soleideis:

kasta – kastar – kastade – kastat

Notid mangtal er lik nemneformi: kasta. Bjodeform lik nemneformi i eintal og  -e i mangtal: kasta! (eint.) – kaste! (mangt.)

Til klassen høyrer til dømes: hata, fata, letta, hasta, kosta, skoda, skulda, blanda, vasa, hugsa, snara, bora, mura, måla, sola, kalla, kanna, rima, eima, stava, skipa, hoppa, lokka, takka, tinga.

Døme: Han hugsade ikkje passordet sitt. Eg hever tingat Aftenposten. Kaste de ikkje avisi mi i boset!

Siste dømet er då bjodeform i mangtal.

-er i notid

Aasen og Nynorskordboka handsama desse ordi på ulikt vis; eg vil her som Aasen handsama desse ordi under éin og same bolken. Dei fyrste ordi som hava -er i notid verda bøygde i tid slik:

lysa – lyser – lyste – lyst

Ord som verda bøygde slik: byta, syta, møta, reisa, løysa, missa, mæla, kjøla, spilla, minna, støypa, sveipa, klippa.

Døme: Nokot lyser upp umrådet. Eg reiste heim i går. Detta løyser ikkje vandsken.

Resten av ordom verda bøygde i tid slik:

døma – dømer – dømde – dømt

Ord som verda bøygde slik: reida, leida, føda, klæda, læra, styra, føra, røyna, kjenna, røma, gløyma, liva, leiva døyva.

Døme: Eg vonar eg lærer nokot av detta. Detta førde ikkje til nokot betre. Kui hadde rømt frå beite. Ikkje gløym detta!

Alle desse gjerningsordi hava som -ar-klassen mangtal notid  lik nemneformi; d.e. lysa og døma. Bjodeformerna skilja seg darimot frå -ar-klassen: lys! (eint.) – lyse! (mangt.) og døm! – døme!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s