Notidending i eintal

Eg hever koset (valt) notidendingi -er fyr gjerningsordi som i nynorsk gjerna sakna ending:

telja – teler; eta – eter; taka – teker osb.

Ei fyremon med å hava dei korte formerna i staden er at ein kann få meir skiftande endingar i notid:

tek, tel, kjem, et,  hev osb.

Um ein veler -er fyr alle desse ordi, fær ein sama endingi fyr kvart eit gjerningsord i denne klassen; medan ein med dei kortare ordi fær mange ulike medljodar (konsontantar) som ending. Eit skiftande mål er ofta gjævare, tenkjer eg. Samstundes kann ein segja um formerna med -er at dei ero «tyngre» sidan dei ero lengre. Dessutan vil sjølvsagt fyrstelekken i ordi framleides skifta: gjever, teler, kjemer osb, so mangfald hava me enno.

Eg landade på dei longe formom av di eg ynskjer tyngdi eg nemnde yver. Eg kann dessutan ikkje sjå annat enn at i norrønt endade gjerningsordi yver i eintal anten på -ir elder -r, so nær som i fyrsteperson eintal (ek, «eg»). I norsk falla desse endingarne anten heilt burt elder verda ofta både til -e(r); soleides at me til dømes få gerirgjere(r) , kemr kjeme(r) og liggr→ ligge(r).

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Målheimen og merkt . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s