Tvau mål i lande

No skal eg leggja fram kvifyr eg tenkjer at dat å hava akkurat tvæ målformer er ein dårleg ting, og då med serskilt umsyn til dei målformerna som me faktisk hava:

Lat oss tenkja litt kring detta med talet på målformer. I dag hava me tvæ av deim, men kor mange kunde me hava? Ei målform fyr kvar bygd? Me tala gjerna um målføre etter landslut, so lat oss segja at me kunde hava dei fylgjande målformerna: eit austlandskt mål, eit vestlandskt, eit trøndskt og eit nordnorskt; altso fjora former i alt. Eg veit ikkje kor tenlegt detta munde vera, men dat gjever meir meining enn kvat bokmål og nynorsk gjera i lag.

Både nynorsk og bokmål freistar vera riksmål. Dat er meiningslaust å hava tvau mål livande attåt kvarandre som både freistar på dat sama; då er dat betre med fjøgor mål, som yver.  Men eg tenkjer at ingen ynskjer seg fjora målformer her i landet; og ikkje fleire helder. Um ein styttar ned på talet på målformer, er eg uviss kvat fyr eit lægre tal som ein kunde enda upp på. Altso, kann ein slå saman til dømes trøndsk med vestlandsk, so kann ein vel lika gjerna slengja på nordlandsk – og so til sist austlandsk med, når ein no er so godt i gjenge som ein er.

Dei siste ordi verder soleides: me burde hava eitt mål i landet, og detta målet lyter femna um alle målføri. Dat lyter soleides hava i minsto nokot av dei same tankarne bak seg som landsmålet.

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Målstrid. Bokmerk permalenkja.

1 Response to Tvau mål i lande

  1. Sander seier:

    3.5 av 5 millionar vil då skriva «Austlandskt», noko som vil gjera det til ei uoffisiell riksmålform.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s