Nord-Korea

Her kjemer dan fyrste teksten som ikkje handlar um målstrid og liknande. Endelegt.

Ikkje so sjeldan er detta forvitnelega landet i mediebilætet. Landet hever vel gjerna ei serstoda i verdi; få land ero so isolerte frå reste av menneskeætti, samstundes som dei hever ein deil teknologisk kunna. Millom annat hever Nord-Korea atomvåpen, som ein veit.

Eit spursmål som ein kann stilla seg, er korleides dei greida halda på makti dar nede. Eg hever ei von um at ein vil få eit folkastyre dar innan livetidi mi, slik at eg fær innsyn i korleides livet var attanfyr fanatismen. Slike ekstreme tilhøve plar kunna segja oss nokot um dat menneskelega medvitslivet (psykologien). Og slik kunna kann ein jo nytta kvat tid som helst.

På sama viset hever eg visselegt nokot å lesa um Sovjetunionen, Aust-Tyskland, Spania med fleire. Men dan størsta hindringi her, er nog å koma yver sogorna sjølv. Med eit nytt samanbrot, dar glørne enno ero varme, kann eg rekna med at medium som NRK og BBC skulo grafsa i sogorna fyr meg og leggja fram funni.  Dat vilde voret gjævt – men rett nog kann eg nøgja meg med å sjå fram til jolarferie nett no.

Posta under Stjornskap | Kommenter innlegget

Banesåret åt dat nynorska skriftmålet?

Nynorsken, som han heiter, hever upp gjenom åri vorden brigdat i samnorsk leid. Nynorsken liknar meir på bokmålet enn nokon gong fyrr. Fåren med detta, er at nynorsken misser sersvipen sin (kvi skulde ein skriva på nynorsk når ein næsten skriver på bokmål likavel?). Folk ynskjer helder ikkje å nytta løyndom når dei kann skriva hemmelegheit i staden, osb. Teker ein nog av ord, fær ein at dei nynorske tekstarne vil likjast meir og meir på dei bokmålske. Skriv meir talemålsnært!, segjer mang ein. Men me kunna ikkje alle skriva talemålsnært; spennet er fyr stort millom målføri.  Av di lyter ein samla seg um eitt skriftmål; eit skriftmål som ein hever gode grunnar fyr. Skal ein kunna tala fyr at nynorsken skal vera detta målet, lyter målet vera vitugt.

Eit vitugt mål er eit mål som ikkje er tilfellelegt; ein lyter hava ein plan med målet. Ein kann ikkje setja eitt målføre framfyre hitt utan god grunn! Um ein ikkje sér på ordsoga åt ordi, vil ein ikkje kunna gjera annat enn tilfellelege val. Nynorsken slik som han er i dag, er tilfelleleg. Alt fyr tilfelleleg (døme på usømelege rettskrivingsbrigde finner ein under nr. 6 her). Men no skulde rett nog ikkje detta senda nynorsken til helheims åleina.

Fåren er dat umotiverta målet; eit mål utan meining. Me skriva ikkje nynorsk berre av di me vilja skriva talemålsnært, men av di me vilja skriva på eit norskt alternativ til dat danskdominerta bokmålet. Hever ein ikkje denne tanken i bakhovudet, vil nynorsken verda inkjeisme; ein hever ingen god nog grunn fyr å skriva slik som ein gjerer. Når nynorsken attåt detta likjest so ovende mykjet på bokmålet, ja, då feller grunnlaget fyr dat nynorska skriftmålet burt. Av denne grunnen gjerer ein nynorsken ei beina (ei tenesta) um ein skriver so tradisjonelt som råd når ein skriver nynorsk. Me skriva på eiget mål, ikkje på ei bokmålsetterlikning.

Posta under Nynorsk | Kommenter innlegget

Kvifyr landsmål

Landsmålet i ei meir opphavleg form vil segja oss so mykjet meir um kvifyr me i dag hava tvæ former av norskt mål: nynorsk og bokmål. Skulde eg hava skrivet denna sida på nynorsk, vilde mesteparten av meiningi med sida falla burt. Eg skriver helder ikkje på «gjengs» høgnorsk av di eg ynskjer ei endå meir etymologisk målform (og gjerna ei meir mangslungen formlæra).

Ei målform som ligger fjernast frå dei formerna som i dag ero dei vanlegaste, vil soleides kunna hava tvei ting til bate:

1. Dat uvanda med målet vil vonleg få ein til å setja norskt mål i perspektiv; ein vil kann henda skyna meir av målsoga og verda hæken på meir kunna um emnet

2.Ein kann få augo upp fyr kor vænt norskt mål kann vera (dat kann rettelegt vera sers vænt)

Ikkje minst fær ein samstundes eit høve til å leika seg med detta væna målet. So artigt!

Posta under Landsmål, Målheimen | Merkt , , | Kommenter innlegget