Soga um sidemålet

I desse dagom talar ein stødt um sidemålet. Oftast tenkjer ein på nynorsk når ein segjer sidemål, men einaste grunnen er ikkje at nynorsken er dat minst nyttade skriftmålet av tvau. Ein kann meina som so at sidan bokmålet no er so eksponerat som dat er, til skilnad frå nynorsken, so vilde eit brigde i sidemålsundervisingenne hava mest å segja fyr nynorsken. Sagt og uppleset er ofta at nynorsken vil tapa på valfri sidemålsundervising – men er detta sanningi?

Dat verder sagt at ein skal kunna nynorsk fyr å jobba sume staderne i staten, sidan ein skal kunna skriva på nynorsk til deim som hava nynorsk som hovudmål. Men spursmålet verder då: kor myket nynorsk læra no eigentlegt  skuleelevarne av sidemålsundervisingenne? Er ho turvande? Fyr å læra seg eit nytt mål, er ein god idé å lesa myket på detta målet. Eg trur at i sum lesa bokmålselevarne meir nynorsk utanum sidemålsundervisingi enn i.

So var dat detta med å verda tvingat til å læra nokot. Ein spỳr seg um ikkje valfri sidemålsundervising kunde føra til meir velvilje mot nynorsken. Frå å sjå på nynorsken som nokot obligatoriskt og mødesamt, kunde ein byrja sjå på nynorsken som nokot livande; nokot som ikkje berre høyrer skulen til.

Frå eit målsaksperspektiv saknar eg gode argument fyr sidemålsundervisingi, eg trur kje ho er til gagn.

Advertisements
Posta under Målstrid, Nynorsk | Merkt | Éin kommentar

Målsak og ideologar

I fyrstningenne åt soga til nynorsken var ideologi viktugt: ein skulde skapa eit norskt skriftmål som ein kunde byta ut danskt skriftmål med. Ein lagde då vekt på at Norig hadde ei eigi målsoga, og so burtetter.

Snøgt framyver hundrad år og meir: landsmålet heiter ikkje lenger landsmål, men nynorsk. Motstandaren heiter ikkje lenger dansk, men bokmål. Kvat fyr ei rolla spelar ideologien no? Kvat er eigentlegt ideologien?

Sant å segja tyder rettskrivingi på eit sprik når dat gjelder ideologi. Dan nya rettskrivingi er ikkje eit undantak, og helder fram i sama leidi. Ein kann ikkje gjeva grunnar fyr bridgi som ein gjerer – annat en brukstal; kor mange gonger dat einskilda ordet er nyttat. Litet nyttade ord skulo burt, og litet uventat kjemer ein ofta nog eit stig nærmare bokmålet. Men dat er so – verst er at ein fær eit skriftmål som no og då er meiningslaust av di  systematikken feller burt. Ein saknar vituge grunnar fyr rettskrivingsbrigdi.

Dat finst ei rørsla, elder kann henda fleire rørslor, som verkar fyr ein meir ideologisk rettad nynorsk – høgnorskrørsla. Høgnorskrørsla er diverre sers liti og nokot uglesedd. Endå ein gong hever bokmålet ein føremon: riksmålsrørsla. Riksmålsrørsla er til skilnad frå høgnorskrørsla ei mektug rørlsa og myket meir stoverein hjå deim fleste. Slik som bokmålet verder nyttat i gjenomsnitt, er dat nemlegt serdeles likt med riksmålet. Fåe tenkja at riksmålet er so onnorleides og underlegt – til skilnad frå høgnorsk.

Soleides kann bokmålet meir halda seg undan meiningslause brigde frå Språkråde, sterka ideologiska krefter støda bokmålet og hava styrke til å tvinga dan offisiella bokmålsrettskrivingi i ei ynskt leid. Nynorsken hever her komet i rein uvissa og kjenner korkje fram elder attende i samanlikning.

Her koma ideologarne inn: dei skulo spela som ei motvekt til herverket åt Språkrådet. Men sjølv ikkje tidlegare i målsogonne hava dei ideologarne som funnost spelat heilt på lag – me fingo tvæ ulika rettskrivingar kring tusundårsskiftet 1800-1900: Midlandsnormalen og Hægstadnormalen.

Men, medan Hægstadnormalen fylgde i fotsporom til Aasen, valde Midlandsnormalen ei onnor leid – ei fårleg splitting vil eg hevda. Landsmålet var uppfunnet på eit godt vis – ein tarv ikkje brjota med verket til Aasen slik som Midlandsnormalen gjorde. Eg vil vidare hevda at Midlandsnormalen bygde på ein annan ideologi enn Aasen-normalen og dan etterfylgjande Hægstadnormalen.

Ideologarne som ein tarv i dag ljota fokusera på eit nasjonalt skriftmål, slik som Aasen-normalen, og ikkje regionalisering, her representerad ved Midlandsnormalen. Myket av Aasen-normalen liver på ymist vis enno vidare i Språkråd-normerad nynorsk, og ein kann difyr taka upp dan gamle tråden på eit nokotlunde elegant vis. Ideologar som kunna segja andre ting en «nynorsk liknar mest på målførom», slikt som at nynorsk er eit nasjonalt alternativ til ein Oslo Vest-baserad fornorskad utgåva av dansk – dei vilja kunna gagna målsaki storlegt. Nei, ein skal ikkje gløyma målføri – hadde me alle i lande talat vestkantmål, vilde målsaki voret myket meingslaus. Men mange undra seg yver kvifyr nynorsken sér ut som han gjerer (han er ikkje identisk med målføret til nokon,  nemlegt), og då lyter ein hugsa kvat idelogien som ligger bak nynorsken segjer.

Posta under Landsmål, Målstrid, Nynorsk | Merkt | 4 kommentarar

stader neste?

I dat nya rettskrivingsframlegget frå dan Språkråds-uppnemnde nemndenne er i-målet teket ut or rettskrivingi. Med i-målet fylgjer formuleringar som fjelli og husi, i staden for fjella og husa. Men dat viktigaste med i-målet er ikkje sjølvljodi som ordi kunna enda på – dat viktigaste er dat grammatiska skiljet fyr hokynsordi som fylgjer med. Med i-mål heiter dat bygdi, dronningi og løva. Utan i-målet heiter dat bygda, dronninga og løva. Ein misser soleides grammatikk når ein fjernar i-målet – dar ein fyrr hadde eit skilje millom tri klassar hokynsord, siter ein no i realiteten einast att med tvei.

I framlegge er òg å gjera bøygjingsmynsteret stadarstadane lika godt som staderstadene. Um ein ynskjer dat, kann ein soleides «fjerna» ein klasse med hankynsord – og som med i-målet er detta ein grammatisk reduksjon. I fyrstningenne er detta valfritt, men som med i-målet kann detta grammatiska skiljet døya ut i skriftmåle.

Mange tenkja at ein skriver god nynorsk um ein berre byter ut alle -er med -ar. Soleides sér ein konstruksjonar som atomar og ganga i stykkar. Men nynorsken, landsmålet, er ikkje eit -ar-mål. Nynorsken helder oftare i hevd eit større grammatisk skilje som finst frå gamalt av enn bokmålet, og dát er nokot som er serskilt med nynorsken. Dar bokmålet segjer hester, kvinner, bygder og atomer – segjer nynorsken (snart berre landsmålet) hestar, kvinnor, bygder og atom. Som ein sér er nynorsken slettes ikkje eit -ar-mål, men bokmålet er langt på veg eit -er-mål!

Men sidan folk no tenkja på nynorske som eit -ar-mål, so kann nettupp stader – stadene døy ut i skriftmåle. Dat vilde gjera nynorsken lettare å læra fyr sume, men dat vilde gjera nynorsken til eit fatigare skriftmål. Sameleides er dat med i-målet. Og -or og -one, som òg ero på veg ut. Tapi store er detta – vil eg hevda!

Posta under Nynorsk | Merkt | Kommenter innlegget

Intervensjon til ny utrøyning

Året 2011 hever havt mykjet å bjoda på til no. Sista er no at ein på ny skal røyna ut intervensjon. Kunde detta skapa ny presedens? Elder er detta ei sjeldsynt stoda som ein ikkje vil sjå att andre stader? Er detta eit sjeldsynt høve fyr brubyggjing millom Arabarverdi og Vesten? Elder vil detta enda rett galet?

Éin ting som ein lyter segja, er at dat vilde vera merkelegt um «dan fria verdi» berre skulde standa å sjå på at ein galen diktator tok attende by etter by. Ord ero oftast veike, ein tarv gjerningar fyr å kvitta seg med diktatorar.

Vandt er dat å finna stodor som likna på denna tidlegare i verdssogonne, so då lyter ein vel næsten nytta magekjensla. Magekjensla hjå politikarom segjer dat sama som mi: ein lyter gripa inn – senda eit signal åt diktatorom i verdi: dei hava augo på seg.

Samstundes kann ein hjelpa dat fria libyska folket med å skapa eit fritt Libya. Fleire frie lond, færre krigar – kann henda.

Posta under Stjornskap | Merkt , , , | Kommenter innlegget

Folkauppreist i Arabia

I ei tid dar ein ofta reknar ideologiarne som daude, kunna me her i Vesten sjå ein uppreist i mykjet av Arabia. Ideologiar liva sjølvsagt vidare, må vita. I Nord-Korea gjelder enno kommunismen. Men nog um dat.

Eit spursmål som ein kunde spyrja seg er kvat fyr ein stig desse londi vilja fara um dei no fingo eit folkastyre. Kulturarne i Vesten ero mykjet like kvarandre – hever dan kulturelle bakgrunnen nokot å segja her? Vil eit folkastyrt land med tidi enda upp som noko liknande Vesten, sama kvat?

Elder kunna me i Arabia, grunnat bakgrunnen med islam, sjå ei utvikling i ei onnor leid? Kunna me sjå samfund som skilja seg mykjet frå dagsens Vesten, samstundes som dei ero «frie og folkastyrde»? Um me no fingo detta siste: folkastyrde samfund som ero framgangsrike men med ein mykjet annan kultur enn Vesten, so kunde detta kjøva dan kulturelle arrogansen som ein kann sjå at råder her no og då. Denna tankekrafti kunde ein so nytta på meir dugande umråde..

Men spå gjerer eg ikkje. Kann henda verder dat, med undantak av Libya, mykjet status quo framyver. Kven veit.

Posta under Stjornskap | Merkt , , , , | Kommenter innlegget

Nynorskvideo hjå Microsoft

Eg kom tilfellelegt yver «nynorskpropaganda» på heimsidonne åt Microsoft; tenkte dat var morosamt og at eg laut breida ut ordet.

Diverre verka ikkje dei livande bilæti til Microsoft på vevstaden min, so ein lyter sjå deim her (hjå vimeo).

Uppdatering: lenkja vart vølt 22. februar 2013. Ein kann dessutan finna ei nyhendesak hjå lnk.no her.

Posta under Målstrid, Nynorsk | Merkt | Kommenter innlegget

Målvanskar på Færøyom

Færøysk er eit mål som ofta kann likna på norsk. Eg kunde hava skrivet mykjet um færøyskt mål, men me taka dat i stuttare bolkar, tenkjer eg. Her er éin stutt bolk.

Eg kom yver detta innehaldet hjå Føroyska málnevndin (ein parallell til dat norska Språkrådet, sér dat ut til), um når eit serskilt ord, verða, skal hava ein ð; ein edd som me gjerna kalla honom på norsk. Vansken ligger i at edd ikkje verder talad ut i færøysk, slik som han vardt i norrønt og enno i dag i islendsk. Då verda ordi vera og verða (desse turva vel neppe å verda sette um) sjølvsagt mykjet like i uttala. Løysingi fyr å skilja ordi i skriftmålet verder soleides:

Tá ið tað er natúrligt at seta er inn í staðin fyri var, um vit gera setningin til nútíð, hevur tað ikki ð, men tá ið tað er natúrligt at seta verður inn í staðin fyri varð, um vit gera setningin til nútíð, hevur tað ð, t.d.

Takið var málað grønt : Takið er málað grønt

Takið varð málað grønt : Takið verður málað grønt

 Dat dei segja, er at når dat er naturlegt å setja inn er i staden fyr var, so skulo me ikkje hava ein ð i var(ð); til dømes setningarne Takið var málað grønt («taket var målad grønt») og Takið er málað grønt («taket er målad grønt»), til skilnad frå Takið varð málað grønt («Taket vardt målad grønt») og Takið verður málað grønt («Taket verder målad grønt»). I sista døme er dat meir naturlegt med verður i notidenne av gjerningsorde.

Vanskar av liknande sort kjenna me sjølvsagt att frå norskt skriftmål òg: at stavnaden ikkje kvar gong er lika intuitiv.

Til dømes slik sér landet åt dei ljodlause ð-arne ut. Fritt bilæte frå Wikimedia Commons; trykk på dat fyr å koma til kjelda (opnar i nytt vindauga).

Posta under Færøysk | Merkt , | Kommenter innlegget