Kann eit massemord skapa eit vasskilje?

Ein kann ikkje lata vera å leggja merke til at journalistar lika ordleggja seg på liknande vis som at Norig no røyner et vasskilje – at me hava eitt Norig fyrr 22.07 og eitt etter. Men um detta no verkelegt skulde skapa eit vasskilje, segjer ikkje detta då nokot um godtru? Me hava no seet massmord fyrr, au massemord gjorde av einast eitt menneske.

Fyr detta massemordet sér no ein gong ut til å vera éin manns verk.  Og um no dette synet helder fram, kvat kunde ein då gjera, som ein ikkje alt hever gjort, fyr å tryggja seg mot liknande hendingar i framtidi?

Minder ein var godtruande, er her ikkje myket ein kann gjera. Fyr einskildmenneske med sterker dråpstrong kann ein til ei kvar tid finna, og difyr burde ein til ei kvar tid vera budd på slike. Nye dråp av deim skulo berre kunna læra oss éin ting no, og d’er detaljar. Detta avbrigdet av mennesket er ikkje nytt, på inkje vis. Dei ero ikkje born av ei ny tid, elder nokot slikt poetiskt; berre motivi ero nye eller sermerkte.

So, ero me ved eit vasskilje, her ved 22.07? Nei, me vordo minte på dan valdelega sida ved mennesket, at sume finna dråp som utveg.  Frå ein filosofisk synsstad kunna me ikkje dvelja ved talet på myrdade, som er høgt, men i staden minnast at detta var tvau åtak frå eitt menneske; desse tvau viktuge tali ero sjølvsagt uavhengige av talet på myrdade, og dei ero låge. Minder 22.07 løyser ut fleire åtak, er ikkje dagen so viktug i eit større perspektiv. Elder, han burde ikkje vera dat. Burtsett frå fyr deim som miste personar dei hadde kjære elder kjende, sjølvsagt; men då ero me i eit mindre perspektiv att.

Ein lyter au leggja merke til ordet terroråtak verder nyttat myket um hendingarne, men som fyr til dømes 9/11, dar ein au talar um terroråtak, so var ikkje 22.07 deil av ei større samansverjing. No skulde ein kann henda ikkje gjera Al-Qaida og medspelarar større en dei ero, men umgripet terroråtak kann snøgt dylja dat at åtaki vordo gjorde av éin mann, eitt menneske. Dat kann mystifisera åtaki; so ein må ikkje gløyma at detta var ein manns verk, til liks med når ein forfattar skriver ei bok. Ein talar aldri um boki som um ho kunne koma til live utan forfattaren, som ein gjerna nemnar ved namnet i same slengen (ein talar um når «X skreiv boki», og ikkje at «bokskrivingi hende då»).

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Stjornskap og merkt , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s