stader neste?

I dat nya rettskrivingsframlegget frå dan Språkråds-uppnemnde nemndenne er i-målet teket ut or rettskrivingi. Med i-målet fylgjer formuleringar som fjelli og husi, i staden for fjella og husa. Men dat viktigaste med i-målet er ikkje sjølvljodi som ordi kunna enda på – dat viktigaste er dat grammatiska skiljet fyr hokynsordi som fylgjer med. Med i-mål heiter dat bygdi, dronningi og løva. Utan i-målet heiter dat bygda, dronninga og løva. Ein misser soleides grammatikk når ein fjernar i-målet – dar ein fyrr hadde eit skilje millom tri klassar hokynsord, siter ein no i realiteten einast att med tvei.

I framlegge er òg å gjera bøygjingsmynsteret stadarstadane lika godt som staderstadene. Um ein ynskjer dat, kann ein soleides «fjerna» ein klasse med hankynsord – og som med i-målet er detta ein grammatisk reduksjon. I fyrstningenne er detta valfritt, men som med i-målet kann detta grammatiska skiljet døya ut i skriftmåle.

Mange tenkja at ein skriver god nynorsk um ein berre byter ut alle -er med -ar. Soleides sér ein konstruksjonar som atomar og ganga i stykkar. Men nynorsken, landsmålet, er ikkje eit -ar-mål. Nynorsken helder oftare i hevd eit større grammatisk skilje som finst frå gamalt av enn bokmålet, og dát er nokot som er serskilt med nynorsken. Dar bokmålet segjer hester, kvinner, bygder og atomer – segjer nynorsken (snart berre landsmålet) hestar, kvinnor, bygder og atom. Som ein sér er nynorsken slettes ikkje eit -ar-mål, men bokmålet er langt på veg eit -er-mål!

Men sidan folk no tenkja på nynorske som eit -ar-mål, so kann nettupp stader – stadene døy ut i skriftmåle. Dat vilde gjera nynorsken lettare å læra fyr sume, men dat vilde gjera nynorsken til eit fatigare skriftmål. Sameleides er dat med i-målet. Og -or og -one, som òg ero på veg ut. Tapi store er detta – vil eg hevda!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Nynorsk og merkt . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s