Målvanskar på Færøyom

Færøysk er eit mål som ofta kann likna på norsk. Eg kunde hava skrivet mykjet um færøyskt mål, men me taka dat i stuttare bolkar, tenkjer eg. Her er éin stutt bolk.

Eg kom yver detta innehaldet hjå Føroyska málnevndin (ein parallell til dat norska Språkrådet, sér dat ut til), um når eit serskilt ord, verða, skal hava ein ð; ein edd som me gjerna kalla honom på norsk. Vansken ligger i at edd ikkje verder talad ut i færøysk, slik som han vardt i norrønt og enno i dag i islendsk. Då verda ordi vera og verða (desse turva vel neppe å verda sette um) sjølvsagt mykjet like i uttala. Løysingi fyr å skilja ordi i skriftmålet verder soleides:

Tá ið tað er natúrligt at seta er inn í staðin fyri var, um vit gera setningin til nútíð, hevur tað ikki ð, men tá ið tað er natúrligt at seta verður inn í staðin fyri varð, um vit gera setningin til nútíð, hevur tað ð, t.d.

Takið var málað grønt : Takið er málað grønt

Takið varð málað grønt : Takið verður málað grønt

 Dat dei segja, er at når dat er naturlegt å setja inn er i staden fyr var, so skulo me ikkje hava ein ð i var(ð); til dømes setningarne Takið var málað grønt («taket var målad grønt») og Takið er málað grønt («taket er målad grønt»), til skilnad frå Takið varð málað grønt («Taket vardt målad grønt») og Takið verður málað grønt («Taket verder målad grønt»). I sista døme er dat meir naturlegt med verður i notidenne av gjerningsorde.

Vanskar av liknande sort kjenna me sjølvsagt att frå norskt skriftmål òg: at stavnaden ikkje kvar gong er lika intuitiv.

Til dømes slik sér landet åt dei ljodlause ð-arne ut. Fritt bilæte frå Wikimedia Commons; trykk på dat fyr å koma til kjelda (opnar i nytt vindauga).

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Færøysk og merkt , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s